Hopp til innhold

– Kan ikkje flytte elevar

Ulstein kommune braut opplæringslova og forvaltingslova då mindreårige asylsøkarar blei flytta frå Ulstein ungdomsskule til andre lokale. Det slår fylkesmannen fast, skriv Vikebladet Vestposten. To av elevane skal ha oppført seg ufint mot jentene på skulen, og alle asylsøkarane blei flytta til Høddvollhuset. Ordføraren har tidlegare varsla at dei yngste skal tilbake til skulen etter påske.

Ulstein ungdomsskule
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK