Hopp til innhold

Avgjerd om Fjord1-sal utsett

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har utsett behandlinga av saka om sal av Fjord1 aksjane til 23. november. Fylkesutvalet vil vite meir om forkjøsretten til Per Sævik og Havila før dei avgjer om dei skal selje holdingselskapet sitt til Torghatten. Det blir difor eit morgonmøtet i fylkesutvalet 23. november, før avgjerda blir endeleg i fylkestinget seinare samme dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL