Hopp til innhold

Går for hall ved skulen

Utdanningsutvalet gjekk i dag einstemmig inn for å bygge idrettshall med to salar på tomta ved Spelkavik vidaregåande skule i Ålesund. Dei ville ikkje gå inn for å bygge hall ved anlegget til Spjelkavik idrettslag, fordi tomta der må omregulerast, og prosjektet dermed kan bli utsett eit år. Argumentet for å bygge ved idrettsanlegget, er at ein då kan utvide til storhall seinare. Saka går no vidare til fylkesutvalet.