Rimeleg sikre på valdtekt
Sunnmøre politidistrikt er no rimeleg sikre på at dei står overfor ei valdtektssak i Sula kommune, der ei eldre kvinne vart utsett for vald og overgrep i heimen sin ein gong mellom onsdag 15. juli og torsdag 16. juli. Politiet ser svært alvorleg på saka og har bedt Kripos om hjelp til etterforskinga.