Hopp til innhold

Eingongsgrill

Branntilløpet i eit fråflytta husvære i Ålesund i ettermiddag, skuldast at ei kvinne hadde teke seg inn i huset og fyrt opp ein eingongsgrill for å lage seg mat. Kvinna kom ikkje til skade, og blei vist bort frå staden, opplyser politiet. Alle naudetatar rykte ut i samband med branntilløpet.