Hopp til innhold

Fem år og seks månader for misbruk

Ein mann i 40-åra frå Sunnmøre er dømt til fengsel i fem år og seks månader for ei rekkje seksuelle overgrep mot døtrene sine. Det skriv Sunnmørsposten. Mannen hevda i retten at han ikkje visste om overgrepa, fordi han leid av ein sjeldan søvnsjukdom kalla sexomnia. Døtrene var omlag 7 og 11 år då overgrepa skjedde. Han må også betale 150 000 kroner i erstatning til kvar av døtrene.