Hopp til innhold

Vil ha svar på avgangen til Eidsvik

Tilsettrepresentant Rune Heggedal seier ein god prosess er viktig for at vedtaka skal ha legitimitet, men at dette har blitt vanskeleg med spørsmåla som er stilt rundt avgangen til Astrid Eidsvik. Han vil gjerne vite om det har vore sagt at styret i Helse Midt-Norge berre ville godta Molde som alternativ. Han ville også ha ein uttale om statsråden har kome med signal til styret.

Rune Heggedal
Foto: Ivar Lid Riise / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL