Hopp til innhold

Vegen til Tafjord framleis stengt

Det gjenstår framleis ein del oppryddingsarbeid før vegen mellom Tafjord og Sylte kan opne. Vegen kan ikkje ryddast før geologar har vore oppe i helikopter for å vurdere rasfaren, det opplyser Statens vegvesen. Vegen vil truleg vere stengt minst til klokka 13.