Hopp til innhold

Bil på taket på Smøla

Like før klokka ni fekk politiet melding om at ein bil hadde hamna på taket på Rokstad på Smøla. Tre personar skal ha kome seg ut av bilen sjølve, og er no tekne hand om av ambulansearbeidarar, opplyser politiet, og legg til at det er usikkert om dei blei skadde i ulukka.