Hopp til innhold

Framleis isolasjon

Dei fire som er sikta etter Spjelkavik-drapet er i ettermiddag varetektsfengsla i to veker til med isolasjon. Tre menn og ei kvinne er alle sikta for lekamsskading med døden til følge.Dei tre mennene er også sikta for mordbrann. 35 år gamle Åge Stavran vart funnen død i husveret sitt 21.oktober.