Hopp til innhold

Lurer til seg pengar ved veksling

Ein utanlandsk mann skal ha lurt til seg pengar medan han veksla hos ein kiosk i Ålesund sentrum tysdag kveld. Politiet melder at det truleg er den same personen som har prøvd å lure til seg pengar hos andre næringar i byen. Politiet oppmodar alle som opplever dette om å melde frå på 02800.