Hopp til innhold

Ein skikkeleg smell

Eit kraftig torevêr lyste opp Kristiansund onsdag morgon. Fotograf Heine Schjølberg fekk fanga eit spesielt lyn på film.

Heine Schjølberg filma lyn i Kristiansund

Heine Schjølberg filma lynet i Kristiansund, onsdag morgon. Forskar Frank Dahlslett meiner lynet gjekk frå sky til sky, endra retning, og slo ned. Sjå videoen med lyd for å høyre hagl og brak.

Onsdag morgon var det mange i Møre og Romsdal som vakna til intenst torevêr. I nitida hadde byene nådd Kristiansund og fotograf Heine Schjølberg var lynraskt framme med telefonen for å dokumentere uvêret.

Det resulterte i eit eineståande blinkskot.

Tilfeldig

– Eg merka at det dro seg opp eit uvêr og etterkvart kom det lyn og smell med veldig korte mellomrom, så eg følte at det kom til å bli heftig, seier fotografen.

Lyn Kristiansund

Lynet sler tilsynelatande ned i hustaket utan å gjere skade.

Foto: Heine Schjølberg

Han rakk ikkje å hente skikkeleg fotoutstyr. I staden tok han fram telefonen for å filme, i tilfelle det skulle komme eit lyn i den retninga.

– Så slo det ned rett over gata. Det var veldig tilfeldig, seier Schjølberg.

Det går ikkje heilt klart fram frå filmen akkurat kvar lynet slo ned, men Schjølberg meiner det traff taket på nabohuset han filma.

– Eg har diskutert litt med naboane om dette. Eg trur det slo ned i taket på huset over gata. Ein ser på filmen at det ikkje går tid mellom blinket og lyden, så det må vere veldig nært.

Naboen trur derimot det var treet på baksida av huset som fekk seg ei lading.

Fann ingen skade

Det var sannsynlegvis få i nabolaget som fekk med seg at lynet hadde slått ned, for folk skjønte ikkje kvifor telefon og internett ikkje fungerte.

Lyn 29.10.14

Onsdag registrerte Statnett/SINTEF heile 614 lynnedslag i Møre og Romsdal.

Foto: Statnett/SINTEF

– Då viste eg dei filmen, så dei fekk sjå årsaken. Dei vart ganske overraska og dei var veldig glade for at det gjekk så bra som det gjekk.

Nabolaget har førebels ikkje funne nokre skader på hus eller hage, utanom brot i telefon- og internettsambandet.

– Éin av naboane snakka om ein øydelagt Playstation, men ikkje meir enn det, seier Schjølberg.

– Lynet endrar retning

Folk trur vanlegvis at dei kan bli truffe av lyn frå oven, men i realiteten går lyn i alle retningar, ifølge SINTEF-forskar Frank Dahlslett. Han har sett filmen ramme for ramme og meiner at dette lynet ombestemte seg.

– Like før lynet slår ned, kan ein sjå ein loop. Dette er eit lyn som går frå sky til sky. Deretter tar det ein avstikkar og slår ned, seier forskaren.

Han trur ikkje det kan ha slått ned i huset, då det ikkje er brannmerker. Han trur heller at det må ha slått ned lenger borte, ettersom naboane ikkje har funne noko skader.