Hopp til innhold

Trafikkulukke Mordalsvågen

Naudetatane rykte ved 1530-tida ut til ei trafikkulukke ved ferjakaia på Mordalsvågen i Molde. Det opplyser politiet. Ein personbil har køyrt på ein annan bil bakfrå. Førarane melde sjølve frå om ulukka, og det skal ikkje vere snakk om større personskade.