Hopp til innhold

Innstilte flyruter i Molde

Tjukk skodde førte til problem for flytrafikken i fylket tysdag kveld. I Molde kom alle flya ned, men ifølgje Avinor vert to flyruter innstilte i dag tidleg. Dette gjeld Norwegian-flyet til Oslo klokka 06.45 og Widerøe-flyet til Trondheim klokka 07.45.