Hopp til innhold

Pågripen for gullsmedinnbrot

Ein 30 år gamal mann blei i går pågripen av svensk politi, mistenkt for å stå bak eit millionran av ein gullsmed i Ålesund. Det skriv Smålandsposten. Natt til 15. august braut fleire personar seg inn hos ein gullsmed på Moa i Ålesund og tok med seg verdiar for nesten 4,5 millionar kroner.