Hopp til innhold

Frifunne for å ha skadd kulturminne

Eit byggefirma og ein entreprenør er i tingretten frifunne for å ha øydelagt eit kulturminne. Selskapa blei tiltalt etter at dei grov ei grøft ved eit fire tusen år gamalt bustadområde i Fosnavåg i Herøy. Retten finn det ikkje bevist at gravinga foregjekk inne på det freda området eller at det medførte fare for skade. Det skriv Sunnmørsposten.