Hopp til innhold

Kranglete taxikunde

Politiet blei natt til torsdag tilkalla av ein taxifører som hadde ein rusa og kranglete passasjer. Vedkommande heldt fram å krangle og kom med uhøviske tilsegn etter at politiet kom til. Personen fekk tilbringe resten av natta i politiarresten, og vil bli anmeldt for oppførselen.