Hopp til innhold

Mista førarkortet etter uhell

Ein 18-åring mista førarkortet etter eit trafikkuhell på fylkesveg 664 i Fræna kommune. Han køyrde av vegen og øydela bilen, medan han sjølv kom frå det med svært lette personskadar, opplyser politiet i Nordmøre og Romsdal.