Sverd-forvirring i Kristiansund
Ein mann i 20-åra blei fredag kveld stoppa av politiet i Kristiansund sentrum. Mannen bar med seg eit sverd. Det viste seg derimot at vedkommande var på veg heim frå eit rollespel, opplyser operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.