Hopp til innhold

Barna sov under innbrot

Det er meldt om innbrot i eit bustadhus på Gåseid i Ålesund. Éin eller fleire personar tok seg inn i huset etter at dei vaksne drog på jobb rundt 07.30. Då éin av foreldra kom heim klokka 12 blei det oppdaga opne dører og at fleire verdigjenstandar hadde blitt stole. Barna i huset låg og sov under tjuveriet. Saka blir etterforska og politiet på Sunnmøre etterspør tips.