Hopp til innhold

Arrestert etter hytteinnbrot

Politiet på Sunnmøre melder at éin person har blitt arrestert etter eit hytteinnbrot på Glomseth natt til onsdag. Det var tips frå naboar om ein observert mann som sende politiet på sporet. Mannen prøvde å gøyme seg i skogen, men ein politipatrulje fann mannen i 18-tida. Mannen blei tatt med til Ålesund politistasjon. Identitet hans er uklar, men han er moglegvis frå Romania, opplyser politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL