Mobilnettet er framleis nede
Mobilnettet i Norddal, Stranda, Stordal og Sykkylven er framleis nede. Like før klokka tre melde Telenor at mobilnettet var oppe igjen, men etter få minutt så var nettet nede igjen. Regional informasjonssjef i Telenor, Per Meling, seier dei jobbar med å finne ut kva problemet er.