Hopp til innhold

Avviste kontroll av opera-saka

Eit fleirtal i fylkestinget avviste i formiddag forslaget om å sende vedtaket om å støtte opera- og kulturhus i Kristiansund til kontrollutvalet.. Fylkestinget har vedtatt å støtte det planlagde opera- og kulturhuset i Kristiansund med 13, 9 millionar kroner årleg i 30 år. I ein interpellasjon reiste Frank Sve frå FrP spørsmål om dette får rekneskapsmessige konsekvensar som er i tråd med lovverket.

Votering i operasaka
Foto: Trond Vestre / NRK