Hopp til innhold

Framstilte for fengsling

To litaurarar blir framstilte for varetektsfengsling i Ålesund no klokka ni. Dei to blei stoppa i Romsdalen på veg austover i går kveld, med bilen full av tjuvgods. Ifølgje politiet stammar tjuvgodset frå ein byggeplass i Ulstein-Hareid-området for eit par dagar sidan. Politiet fryktar at mennene skal stikke av, det er årsaka til at dei no blir framstilte for varetektsfengsling.