Hopp til innhold

14-åring sakna i Molde

Ein 14 år gamal gut er sakna ved Kleive i Molde. Han blei meld sakna av foreldra seint søndag kveld. Han gjekk frå heimen mellom klokka 18 og 20 søndag, og skal vere godt kledd. Omlag 20 personar frå politiet, Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshundar deltek no i søket. Det seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.