Hopp til innhold

1-0-tap for Aalesund

AaFK tapte 1-0 heime mot Rosenborg i ein treningskamp i ettermiddag.

Yussuf Koné skåra Rosenborg sitt mål etter 86 minutt.

Assistenttrenar i AaFK Geir Hansen seier dei er godt nøgde med kampen, men ikkje med resultatet.

Geir Hansen
Foto: NRK

I god form

- Hadde dette vore ein seriekamp ville eg vore forbanna, fortel han. Aalesund slapp inn eit mål heilt mot slutten av kampen, etter å ha spelt bra mot Rosenborg, som blir rekna for å vere eit topplag i år.

- I andre omgang viser me at me er i god form. Me fekk klare svar på kva mer gode på, og kva som må jobbast med, seier Hansen.

Store moglegheiter

Han ser store moglegheiter for laget i årets serie, men vil ikkje ut med kva plassering dei satsar på i 2008.

Aafk stilte i følge eigne nettsider med fylgjande lag: Lie, Bahoken (Kibebe), Skiri, Gudmundsson, Holm, Noonan (Selimovic), Fjørtoft (Gram), Arneng, Parr (Pedersen), Mathisen (Larsen) og Aarøy.