Ordførar Kjell Magne Sandø meiner det er mykje som talar for ei velvillig praktisering av regelverket.
Skal sikre fri ferdsel
Vil du ha hus ved sjøkanten, kan det altså vere lurt å reise til Averøy. For ingen annen kommune har tatt imot så mange søknader om bygging nær sjøen, og ingen andre har sagt ja til så mange. Det kjem fram i ein fersk statistikk utarbeidd av miljøvernavdelinga hos Møre og Romsdal fylke. Det såkalla 100-meters-beltet er spesielt verna gjennom lov, for å sikre vanlege folk fri ferdsel, men stadig fleire søkjer om dispensasjon frå lovverket.
Få søknader på Sunnmøre
Berre i Averøy kom det i 2001 og 2002 inn 38 byggesøknader nær havet, og 26 fekk grønt lys for bygging. I Aure fekk 25 av 31 søkjarar ja, og i Frei 22 av 28. Lenger sør i fylket er det langt færre som søkjer, i Stordal, Stranda og Norddal kom det ingen søknader i 2001 og 2002.
Ordførar Kjell Magne Sandø seier Averøy kommune har lagt vinn på at folk skal få bu der dei vil.