Etaten er pålagt å spare vel seks millionar kroner.
Eriksen viser til at sektoren klarte å halde budsjettet i fjor, og har sett i gang tiltak for å spare i år.
Eriksen seier kommunen brukar SÅ lite pengar på skule og barnehagar, og at det blir vanskeleg å kutte meir i tilbodet.
Vil auke foreldrebetalinga
Ålesund kommune vil mellom anna auke foreldrebetalinga i barnehagane og redusere tilskotet til private barnehagar. Ålesund kommune er i dag mellom dei dårlegaste på barnehage, og Eriksen meiner at det difor er lite å kutte innan barnehagane.
Politikarane avgjer
I grunnskulen er det mellom anna gjort framlegg om å redusere talet på timar i støtteundervisning. Kommunen har alle reie kutta mange timar, og vil no kutte om lag 70 timar til. Eriksen er letta over at det ikkje vart foreslått å redusere meir, men fryktar dette vil gi enkelte elevar ein dårlegare skulekvardag.
Det er politikarane som no skal avgjere kvar dei endelege kutta skal kome. Med ei innsparing på om lag 6,5 millionar kroner i undervisningssektoren, trur Eriksen at politikarane stort sett går inn for framlegget.