Hopp til innhold

- Regjeringa skuslar bort viktig klimatiltak

- Regjeringa skuslar bort viktige klimatiltak, når dei ikkje prioriterer å bygge fleire gassferjer. Det seier stortingsrepresntant Leif Helge Kongshaug V).

Me passerer Bergensfjord,søsterferja

Ei av dei sist bygde gassferjene.

Foto: Geir Rommetveit / NRK

Ifølgje Kongshaug bør regjeringa stille langt strengare miljøkrav når nye ferjesamband blir lyst ut på anbod. I dag er det krav om gass som drivstoff på berre fem av rundt 100 ferjesamband her i landet. Til saman er det snakk om 12 ferjer.

Leif Helge Kongshaug(V)

Leif Helge Kongshaug (V).

Foto: Trond Vestre / NRK

- Det er nærast ein skandale at regjeringa er så på defensiven og brukar gårsdagens teknologi, seier Kongshaug.

Miljøgevinst

Ved å bruke gass som drivstoff i staden for diesel vert utsleppa av klimagassar redusert, men når regjeringa lyser ut anbod på ferjestrekningane er det berre eit fåtall der det blir stilt krav om at det skal vere gass som drivstoff på sambanda.

Dette fører til at ferjeselskapa veljer tradisjonell diesel når det ikkje blir stilt andre krav.

- Ja, ei gassferje er om lag 20 prosent dyrare å bygge. Når det blir lyst ut anbod er det som oftast lågaste pris som gjeld og vi veljer då diesel, seier Anker Grøvdal, administrerande direktør i Fjord 1 MRF.

Vil ha meir gass

Erik Lahnstein

Statssekretær Erik Lahnstein (Sp).

Foto: Sven Erik Dahl/Samfoto

Statssekretær Erik Lahnstein (Sp) i Samferdselsdepartementet tek ikkje kritikken innover seg, men vedgår at det bør brukast gass i fleire ferjesamband.

- Det er ein større kostnad med dette, noko vi må vege opp mot klimagevinsten, seier Lahnstein.

Større ferjer - større utslepp

Men sjølv om ferjene går på gass treng ikkje det føre til auka miljøgevinst. Større ferjer som går raskare et opp mykje av miljøgvinsten, seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforund.

Foto: Audun Garberg

- Regjeringa burde stille krav om totale utslepp av klimagassar når dei lyser ut anbod. Dette vil presse fram dei mest miljøvenlege løysingane, seier Haltbrekken.

Press frå brukarane

Men meir saktegåande ferjer vert truleg heller ikkje realiteten ved sittande regjering.

- Folk vil ha ferjer som går raskt, noko vi merkar både frå privatpersonar og næringsliv, så her må vi vege miljøet opp mot samfunnsinteressene, seier Lahnstein.