Hopp til innhold

-Uvanleg at folk køyrer forbi ulukker

– Vi opplever sjeldan at folk køyrer forbi ulukker utan å stanse. Det seier sjef for utrykkingspolitiet, Runar Karlsen. Før helga opplevde eit ektepar at svært mange bilar let vere å stoppe då dei trengde hjelp.

Runar Karlsen

Leiar i Utrykkingspolitiet, Runar Karlsen seier folk må vere klar over at dei pliktar å hjelpe om dei kjem forbi ei ulukke.

Foto: Bengt Kristiansen / NRK

Fleire aviser skreiv i helga om eit ektepar frå Langevåg i Sula som hadde vanskar med å få hjelp etter ei trafikkulukke på Lesja.

Paret opplevde at heile 15 bilar køyrde forbi, sjølv om dei prøvde å påkalle hjelp. Bilen låg godt synleg i ei steinrøys om lag to meter frå vegen.

–Vi har ikkje tal på dette, men det er heldigvis sjeldan at vi høyrer om slike hendingar. Men det skjer nok frå tid til anna, seier Karlsen til NRK.

Trur folk stolar på mobiltelefonar

Karlsen trur bilistar som køyrer forbi reknar med at folk flest har mobiltelefonar og difor kan hjelpe seg sjølve.

–Men det er altså ei plikt etter vegtrafikklova å stoppe og hjelpe dei som treng det.

Han seier folk som oppfattar ein naudsituasjon pliktar å stanse så snart som råd og sjekke ut kva som trengst av hjelp. Han oppmodar folk som er i tvil om å stanse uansett.

–Sjekk om det trengst livreddande førstehjelp eller om det berre krev at du snakkar med dei som er skadde og ringer etter ambulanse. Uansett skal du hjelpe, seier Karlsen.