NRK Meny
Normal

-Tungt for dei pårørande

Dei pårørande etter dei omkomne besøkte onsdag ettermiddag Fjelltunveien 31 i Ålesund. Det var tungt for dei pårørande, seier Audun Askim, nestleiar i det kommunale kriseteamet.

Audun Askim.
Foto: Arild Pettersen. / NRK

Mellom klokka 17 og 18 onsdag ettermiddag fekk dei pårørande til dei fem omkomne for første gong sjå skadestaden, der dei fem okomne framleis er.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Alle som ville nytta seg av sjansen til å sjå den samanraste bygningen.

- Det er tøft å møte virkeligheta på den måten. Men eg trur det var veldig riktig at vi gjorde dette saman med dei, seier Askim.

Dei pårørande vil framleis få oppfølging frå det kommunale kriseteamet viss det vil det.

- I tillegg vil vi regelmessig ta kontakt med dei for å høyre korleis dei har det og om det er noko vi kan hjelpe til med, seier Askim.