Hopp til innhold

-Staten må ta regninga

Stortingsrepresentantar krev at staten må dekkje Sunnmøre politidistrikt sine ekstrautgifter etter Fjelltunulykka.

Søket starter
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Stortingspolitikarar frå Møre og Romsdal krev at utgifter på 2,5 millionar kroner etter Fjelltunulykka i mars skal dekkes av staten.

Sunnmøre politidistrikt sit att med ekstrautgifter på 2,5 millioner kroner etter at ei boligblokk raste saman i Ålesund i mars.

Politimeister Arne Karoliussen meiner Sunnmøre Politidistrikt vil gå inn i ein økonomisk krise om dei ikkje får dekt ekstrautgiftene dei fekk.

Stortingsrepresentant Elisabeth Nørve (H)
Foto: Sissel Kvalvik / NRK

Elisabeth Nørve er einig med Karoliussen, og meiner at staten plikter å støtte politiet i slike situasjonar.

- Eg synes at det er på sin plass, i alle fall når det er snakk om slike ulykker. Det er jo ei naturulykke og eg meiner staten må inn og bidra, seier Nørve.

Ekstraordinært

Også stortingsrepresentant for FrP, Harald T. Nesvik meiner staten bør stille opp. Han reknar med at justisminister Knut Storberget skal punge ut.

Harald T. Nesvik.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

- Han må stå for det han sa til meg i Stortingets spørjetime, og også seinare privat. Han har sagt at han vil følge opp saka, og no står det berre igjen å sjå kor mykje Sunnmøre Politidistrikt vil få. Eg reknar med at dei får refundert alle utgiftene, for det var ein svært ekstraordinær situasjon, seier Nesvik.

Skal gå fort

I går vart søknader om refusjon sendt til Hovudredningssentralen, Rogaland politidistrikt som kontrollerer ein konto for søk etter omkomne og Politidirektoratet.

Fungerande avdelingsleiar for Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, Stein Solberg lover at behandlingstida ikkje skal dra ut. Dei får nemleg inn søknadar fortløpande frå folk som har vore med og gjort ein innsats i redningstenesta.

- Det er i stor grad dei som har vore med frivillig som får dekt sine faktiske utgifter, saman med eventuelle kommersielle aktørar som har vore leigd inn i redningstenesta, seier Solberg.