Hopp til innhold

Skanska skal bygge SNR

Prosjektstyret gjorde vedtaket under eit styremøte på Gardermoen i går.

– Vedtaket er relativt godt kvalitetssikra. Dei har valt ein god plan for gjennomføring av prosjektet, seier leiar i prosjektstyret Johan Arnt Vatnan.

Kontrakten blir inngått etter ein karensperiode på 10 dagar. Det betyr at kontrakten blir underskriven i veke 41 eller 42 om det ikkje kjem klagar på prosessen.

– Valet er tryggande. For Skanska har bygt sjukehus før, og er i ferd med å gjennomføre Tønsberg-prosjektet. Dei byggjer også det nasjonale beredskapssenteret i politiet. Utanlands er dei i ferd med å byggje nytt på Karolinska sjukehuset i Stockholm, la Vatnan til.

Modellen for entreprisen er totalentreprise med samhandling. Det betyr at Helse Møre og Romsdal og entreprenøren skal utvikle prosjektet undervegs.

– Vi skal sjå på areal for å få til eit prosjekt som er i samsvar med målsetninga, sa Johan Arnt Vatnan. Arealet er allereie redusert i løpet av sommaren. VI må gjere bygningstekniske val og vi skal arbeide med risikostyringa, la Vatnan til.

I juni blei 4 tilbydarar førehandskvalifisert. Det bar Betonmast Hæhre, Hent, Veidekke og Skanska. Betonmast Hæhre trekte seg undervegs.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL