Det seier ordførar Dagfinn Ripnes etter studieturen til Shell sitt hovudkvarter i Haag i Nederland.
Politikarar som deltok på turen har fått kritikk fordi Shell betalte reise og opphald, men Ripnes seier påspanderinga var nødvendig for å gjere turen muleg.
Etiske retningslinjer
Med på den påspanderte turen var oljeutvalet, ordføraren, varaordføraren, næringssjefen og gruppeleiarane for dei ulike partia i bystyret i Kristiansund. Representantane frå fylkeskommunen, med fylksordføraren i spissen, betalte derimot turen sjølv. Ripnes vedgår at det kan trengast etiske retningslinjer.
Men Ripnes understrekar at turen har vore svært nyttig, og ikkje minst gledeleg var det å høyre Shell sine planar for Kristiansund.