Hopp til innhold

Eit kult steinalderfunn

På Giske har arkeologar avdekt ei over 6000 år gammal hustuft. Den blei funnen aust for Giske kyrkje, og kan vere den første frå mellomfasen i eldre steinalder som er avdekt i Møre og Romsdal. – Dette er eit svært spanande og kult funn, seier Guro Dehli Sanden, arkeolog og skjøtselskoordinator i fylkeskommunen til NRK. Prøver frå brent kol i tomta skal analyserast ved eit laboratorium i USA for å slå fast den endelege alderen på hustufta. Det funne mange gjenstandar i tufta, mellom anna avhogd stein frå produksjon av knivar og våpen, og restar av brente bein og hasselnøtter.

Hustuft fra eldre seinalder på Giske i Møre og Romsdal
Foto: Heidi Eltoft

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL