Kristoffersen vil no arbeide for at den nye raud-grøne regjeringa tar tak i prosjektet så raskt som mogleg. Den avtroppande regjeringa får nemleg ikkje tid til å sende tunnelprosjektet til Stortinget for behandling før dei går av, sjølv om dei lova dette i valkampen.
Rystande
Kristoffersen er rysta over at lovnadane er brote og meiner dette svekkar tilliten til politikarane.
-Det hastar no med å få godkjent tunnelprosjektet, for å hindre at det blir dyrare, seier Kristoffersen. Rentegarantien for låna som skal finansiere tunnelen gjeld fram til 22. desember, og dersom prosjektet ikkje er behandla og godkjent innan den tid, så kan det resultere i at prosjektet blir dyrare.