- Vil ikkje motivere motstanderane

- Eg vil ikkje motivere motstanderane ved å tippe kven som rykkjer ned, seier AaFK-trenar Kjetil Rekdal. Han reknar med å kjempe i nedste tredel av tabellen i år.

Kjetil Rekdal
Foto: Nyhetsspiller / NRK

Kilde: NRK

Men trass i at han reknar med å kjempe i botnen, meiner Rekdal at laget er klare til kamp.

- Vi har hatt ei meget fin treningsveke, med veldig flott stigning, seier Rekdal.

Skulle gjerne hatt fleire spelarar

Søndag vitjar Tromsø Color Line Stadion. Rekdal trur gjestane kan kome til å kjempe om gullet i år, men meiner likevel at AaFK skal ha litt å by på.

- Ting tyder på at knivane er i ferd med å bli kveste, seier han to dagar før serien er i gang.

På fredagstreninga dirigerte Rekdal laget i kjent stil. Romsdalingen er godt nøgd med dei spelarane han har, men dei skulle gjerne vore fleire.

- Vi er ikkje bekymra over dei spelarane vi har, men vi skulle gjerne hatt fleire. Det har eg sagt før, og seier det igjen: Det ordnar vi før månaden er omme, meiner AaFK-trenaren.

Her kan du følge AaFK - Tromsø direkte søndag klokka 18.00.

Tredelt serie

Fleire ekspertar meiner trenaren må trå riktig for at AaFK skal klare å halde på plassen i årets eliteserie. Sjølv trur Rekdal at årets eliteserie blir delt i tre.

- Du har seks lag som kjem til å sloss om toppen, så har vi ein tre-fire lag i midten, og 5-6 som kjempar for å unngå å rykke ned.

Og han er ikkje sikker på at seriegullet vil kome til Ålesund.

- Per no er vi på nedre tredel av denne skalaen. Vi vart nest sist i fjor, og vi har ikkje trylla i vinter.

- Kven som rykker ned vil ikkje eg tippe, seier han. Det for å ikkje motivere motstandarane i det han meiner er ein strid AaFK vil vere med i.

- Men seriegullet trur eg står mellom Tromsø, Stabæk og Rosenborg, seier Rekdal før serien er i gang.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.