NRK Meny
Normal

- Viktig med tidleg oppfølging

- Det er viktig å stille opp for dei pårørande, seier Haram-ordførar Bjørn Sandnes. Han har vore leiar i krisegruppa etter båtulukka på Lepsøyrevet fredag kveld.

Båtulykke Haram

TRE OMKOM: Båtulukka i Haram krevde tre menneskeliv.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Bjørn Sandnes

LEIAR I KRISEGRUPPA: - Tidleg kontakt med pårørande er viktig, seier Bjørn Sandnes.

Foto: Høgre

- Eg fekk eit veldig godt samarbeid med politiet, og vart fortløpande oppdatert. Dermed kunne eg oppdatere dei som sat der ute og venta på kva som skjedde, seier Sandnes.

Han var tidleg på plass for å hjelpe dei som var ramma av ulukka der tre personar omkom.

Utsett kommune

- Det har vore sterkt, men eg har lært gjennom tidlegare episodar at det er viktig å møte folk tidleg etter ei slik hending, seier han.

Kommunen har dei siste åra vore utsette for fleire dramatiske hendingar. Sidan Sandnes vart ordførar i 2007 har dei tre gongar måtte sett i verk krisegruppa.

- Lettare for eit lite samfunn

- Det var mykje som var usikkert gjennom heile laurdagen. Fleire var sakna, og då sit det folk og ventar på ein telefon. Me oppdaterte dei så fort me fekk vite, og det trur eg fungerte fint, seier han.

Den siste av dei sakna vart funnen søndag ettermiddag. Tre personar omkom i ulukka, der seks personar var med i båten som gjekk på grunn.

- Eg trur det kan vere lettare for eit lite samfunn enn eit stort i ein slik situasjon, seier Sandnes. Grunnen er at fleire kjenner kvarandre på ein liten stad.

- Flinke å ta vare på kvarandre

- Då blir det vist omsorg for dei pårørande, ikkje berre frå kommunen, men også frå lokalbefolkinga, seier han, og håper det kan vere ei god støtte for dei som er ramma.

- Dei er veldig flinke å ta vare på kvarandre på øyane no. Det har dei vist gjennom fleire år. Dei har vore ramma årvisst gjennom fleire år, og er flinke å ta vare på kvarandre, seier Sandnes.