- Vi vart heilt stumme

Dei tilsette reagerte med sinne i dag då dei fekk vite at 35-40 tilsette kan misse jobben ved Wenaas AS sitt lager i Måndalen i Rauma.

Wenaas i Måndalen
Foto: Wenaas

- Dei vil flytte lageret til eit sentrallager i Austlandsområdet, det er i korte trekk det vi har fått informasjon om i dag, fortel tillitsvald Steinar Edvardsen.

Åndalsnes avis skriv at leiinga kom med sjokkbeskjeden til dei tilsette i dag.

- Ifølgje informasjonen dagleg leiar Jostein Strand kom med i dag, kan 35-40 tilsette kome til å misse jobben, dersom flyttinga vert den endelege koklusjonen, seier Edvardsen til NRK.

- Korleis reagerte dei tilsette på dette?

- Dei vart stumme, eigentleg. Det er det som kan beskrive det best. Og etter kvart vart dei sinte.

- Ingen god følelse

Wenaas AS er ein leiande aktør innan yrkesklede. Hovudkontoret ligg i Måndalen, men bedrifta har også 13 avdelingskontor i Noreg, med ein samla omsetnad på om lag 650 millioner NOK.

Dagleg leiar Jostein Strand stadfestar at 35-40 kan misse jobben og seier det var tungt å måtte informere dei tilsette om dette i dag.

- Ein har sjeldan ein god følelse når ein gir ei dårleg nyheit til sine tilsette. Vi såg at reaksjonane på dette var veldig negative. Folk er skuffa over at ein arbeidsplass som dei har hatt i mange år står i fare for å kunne verte tatt bort.

Han seier at grunnen til at lageret i Måndalen no står i fare er at selskapet må verte meir effektivt.

- Wenaas sitt driftskonsept har vore relativt uforandra i mange år, og det er eigentleg ikkje optimalt for dagens og framtidige behov. Vi må verte meir konkurransedyktige og drive meir effektivt.

- Vi må fokusere sterkare på vår kjerneverksemd, som er utvikling og sal av beskyttande klede og verneutstyr. Det vil seie at lagerfunksjonar, både i Måndalen og elles i landet, vil kunne verte flytta.

Dei tilsette visste lite

Jostein Strand trur dette vil merkast i Rauma kommune.

- Når såpass mange vert berørte, slår det veldig sterkt inn i lokalsamfunnet, spesielt her i Måndalen og i Rauma kommune.

Tillitsvald Steinar Edvardsen trudde ikkje at dette ville skje.

- Vi tillitsvalde har vorte informerte undervegs om at det var eit prosjekt på gang som skulle kartlegge både det eine og det andre, men noko signal om at det låg an til at det vart ein slik ende på det fekk vi ikkje.