Nikushor Spiridon (62) kjem frå byen Bacău i den Moldoviske regionen i Romania. Han sit utanfor rådhuset i Ålesund og spelar trekkspel. Han er ganske flink. Han har tidlegare jobba som musikar i bryllaup og diverse anna. Han tenar cirka 100 kroner om dagen på å spele musikk kombinert med tigging på gata.
–Vi kom hit for fem dagar sidan. Eg, kona mi og den sjuke dottera vår. Vi har seks andre born. Dei er i Frankrike og tiggar der.
Anders August Kittilsen synest vi bør inkludere romfolk meir i samfunnet.
Foto: Wilhelm Støylen / NRKGir ikkje til tiggarar
Dei fleste vi møtte på gata denne solrike vårdagen seier at dei ikkje gir til tiggarar. Anders August Kittilsen er ein av dei som fryktar at pengane ikkje kjem i rette hender.
– Eg er litt usikker på om pengane går til dei eg gir dei til eller om det er bakmenn som krev pengane frå dei.
Samtidig seier Kittilsen at denne tankegangen kanskje er ei komfortabel unnskyldning han har for å sleppe å ta omsyn til tiggarane. Han meiner vi kunne gjort noko for å inkludere romfolk meir i samfunnet.
– Kanskje vi kan gi dei ei utdanning eller ein jobb. Inkludering er noko eg har trua på, seier Kittilsen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Treng ein stad å sove
Nikushor Spiridon fortel at han lenge har vor på leit etter ein jobb. Tigging er siste utveg seier han.
– Eg og kona mi brukte å jobbe på ein storgard, men etter at Ceaușescu døydde og alt vart privatisert har det vore veldig vanskeleg å få arbeid. Eg vil gjerne tene nok pengar til at vi kan sette inn vindauge i det vesle huset vi har i Romania, seier han.
– Kvifor kjem de til Ålesund?
– Vi var her også i fjor. Folk er greie her og politiet let oss vere i fred. Det er også færre andre tiggarar her enn for eksempel i Oslo.
– Kvar bur de når de er her?
– Vi bur i skogen. Det er veldig kaldt om natta. Vi treng ein stad å bu. Kan du spørje ordføraren om vi kan få låne eit telt? spør han med bedande auge.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Dana Bologa kom til Noreg på grunn av ein mann.
Foto: Wilhelm Støylen / NRKTar ikkje alt for god fisk
Dana Bologa er frå Romania. Ho er med på ein liten gåtur i gatene i Ålesund. Ho kom til Noreg på grunn av kjærleik for fire år sidan, har ein son og bur no på Sula.
– Eg pratar aldri med tiggarar. Eg synest det er slitsamt at folk trur eg er ein tjuvradd berre fordi eg kjem frå Romania, seier Bologa litt oppgidd.
Ho fortel at ei vanleg månadsløn i Romania ligg på kring 1000 kroner. Og ho er ikkje i tvil om at mange av rumenarane som er i gatene i Norske byar er fattige folk. Samtidig trur ho ein del nordmenn er vel godtruande.
– Eg såg eit intervju med nokre rumenarar i ei lokal avis. Eg vil anslå at halvparten av det som stod der var lygn og oppspinn. Det stod blant anna at folk levde som slavar i Romania. Sånn er det ikkje, forklarar Dana Bologa.
Ho har sett at somme har bygd seg opp store midlar på å ha folk som tiggar for seg. Dei bygg svære hus fortel ho. På den andre sida synest ho det er trist at folk må sitje på gata og tigge.
– Han karen som sit der borte trur eg ikkje heilt på. Det er noko med auga. Eg tør ikkje stole heilt på han, seier ho om ein kar som sit på gata og tiggar med eit teppe over knea.
Nikushor Spiridon på sin faste plass utanfor rådhuset i Ålesund.
Foto: Wilhelm Støylen / NRK– Vi er ikkje alle like
Vi ruslar forbi Nikushor som sit og spelar utanfor Rådhuset. Han fortel oss at han tiggar for seg sjølv og at han ikkje har høyrt om nokon som må tigge for andre i Ålesund.
– Somme folk meiner at de er kjeltringar. Kva tenkjer du om det?
– Eg er ein gamal mann. Eg er ikkje interessert i den slags. Romania er eit stort land med mykje forskjellige folk. Det er dumt om de skal sjå på oss som tjuvar alle saman. Eg er registrert og har lov til å sitje her. Eg vil ikkje kome i trøbbel med myndigheitene. Eg vil vere her fram til august om eg kan, seier Nikushor Spiridon.
Dana Bologa er ikkje like skeptisk til denne karen som den førre vi gjekk forbi.
– Eg trur på han. Det kan hende han legg litt på av og til, men kven hadde vel ikkje gjort det om dei var i same situasjon som han, spør Bologa.
Nikushor fortel at han har ein enkel draum for framtida.
– Eg vil ha vindauge i huset mitt, nok mat til at vi klarer oss og at heile familien kan samlast heime i Romania. Det hadde vore fint, seier Nikushor Spiridon med låg røyst før han byrjar å spele ein rumensk bryllaupssong på det slitne trekkspelet sitt.