Hopp til innhold

- Vi satser offensivt

Erika Skarbø er klar til å legge tapet mot Japan bak seg.

Erika Skarbø
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Det vart braknederlag med tap på 1-5 for det norske kvinnelandslaget i fotball i kampen mot Japan tirsdag.

- Vi satsar offansivt og blir straffa bakover. Vi er litt uheldig med at ballen skifter retning i nokre av skota. Litt uflaks og litt udyktigheit, seier keeper Erika Skarbø frå Ulstein.

Hør intervjuet med Erika Skarbø

1-5

Norge tok leiinga i det 26.minutt, men Japan utlikna til pause. I andre omgang rakna det fullstendig for Norge og keeper Erika Skarbø frå Ulstein måtte sjå fem ballar gå forbi seg.

- Å sleppe inn mål er aldri gøy, men var det ein kamp vi kunne sleppe inn mål i var det denne, seier Skarbø, som er fast bestemt på ikkje å dvele ved tapet.

- Vi får legge denne kampen bak oss med ein gong.

Møter Brasil

Med dette tapet mista Norge gruppesigaren og må møte Brasil i OL-kvartfinale fredag.

- Eg trur ei av våre sterke sider er å kome tilbake etter motgang. Eg trur dette tenner oss, seier Skarbø.

- Vi vil vise at dette er eit eingongstilfelle.