NRK Meny
Normal

- Vi er der framleis!

Inger Harrington har vore 20 år i Brasil. Men kvar haust har ho ein månad heime i Ålesund for å minne oss på at dei finst - ho og gatebarna i São Paulo.

Inger Harrington
Foto: Torild Øvrelid / NRK

Då Inger Harrington kom til Brasil i mai 1987, var det med pengar ho hadde skaffa sjølv. Etter ein alvorsprat med Vårherre - "Sjefen i toppetasjen", som ho sjølv kallar han - endra ho livet sitt fullstendig.

Idealisten

Ho heldt auksjon og selde alt ho eigde av jordisk gods - og med pengane ho skaffa starta ho arbeidet blant gatebarna i São Paulo. Etter kvart adopterte ho fjorten barn. No er dei vaksne, og enkelte av dei har stifta familie på eiga hand.

Treng stadig pengar...

Men Inger Harrington gir seg i kast med andre prosjekt.

Ho har kontakt med ein heim for hiv-smitta barn som treng hjelp til det meste, anten det er husleige som ikkje er betalt eller ei ubetalt straumrekning....

Dessutan har ho engasjert seg i eit fotballprosjekt for å leie gutar inn i sunne aktivitetar i staden for å verte kurerar for narkotikalangarar. Ho hadde pengar til ball, fotballtrøyer og gjerde rundt banen dei spelar på - men som ho sjølv seier: då ho vart kjend med dei, spela dei utan sko, og somme svima av under trening av mangel på mat...

Inger Harrington

Inger Harrington ved utlodningsbordet

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Draumen

Håpet no er å få inn hundre tusen kroner før ho reiser heim til Brasil den 20.desember. Fram til den tid er ho å finne ved loddbordet sitt på StorMoa i Ålesund. Her kan du vinne bilete Inger har måla sjølv.