Hopp til innhold

- Vi er betre til å score mål

Rekdal meiner betre uttelling på sjansane har ført AaFK til eit høgare nivå.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal meiner ein krevjsande spelestil har ført AaFK høgt opp på tabellen.

Foto: Arne Flatin / NRK

AaFK har overraska mange og toppa tabellen før den tiande serierunden.

Krevjande spelstil

Trenar Kjetil Rekdal meiner kanonstarten på sesongen skuldast ein svært krevjande spelestil som no gir resultat. Dessutan har sjanseuttellinga i år vore på eit heilt anna nivå enn tidlegare.

– Det vi er flinke til i år enn i fjor er at vi har blitt betre til å score mål. Ein får eit heilt anna kampbilete om ein leiar kampen enn om ein ligg under og må jage mål, seier Rekdal.

Den gode starten på sesongen gjer også at dei oransje kan seinke skuldrane meir enn dei har gjort tidlegare sesongar når det heile tida har vore ein kamp for å overleve.

– No er vi i ein posisjon der det ikkje er vi som må jage for å få tre poeng i interne oppgjer på bortebane. Det betyr at vi kan spele på våre premiss, seier Rekdal.

Trener knallhardt

Kjetil Rekdal har også ei klar melding til dei som meiner at AaFK sin suksess så langt i år er eit blaff.

Les også:

– Eg ser at mange har vore ute og snakka om at AaFK kjem til å sprekke og berre spelar lange ballar på Tor Hogne Aarøy. No trur eg dei fleste har oppdaga at vi har mykje meir å tilby enn berre det.

– Vi veit også kor mykje det krevst. Vi trener knallhardt, sist veke var den hardaste treningsveka vi har hatt på lang tid. Dagen før kamp tok vi fri og gjekk på bana med eit fyrverkeri av aggresivitet og løpsakapasitet, seier Rekdal.