Hopp til innhold

- Har ikkje telt lysa

- Bussar med ungar, og feststemte folk kjem for å sjå på lysa våre, fortel Kjell Arild Skjørsæther.

Julehus i Ranvik

JULEHUS: Møne, tak og vegger blir ramma inn med julelys.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Han bur i Ranvik i Nesset, og har eit hus som er litt meir julepynta enn dei fleste. Men sjølv om han ikkje veit kor mange lys som heng på huset, har han kontroll på sin eigen måte.

- Nei, eg veit ikkje kor mange eg har, men eg veit om lag kor mykje eg betalar, og det er nok.

- Kva vil det seie?

- Det seier eg til alle at det er hemmeleg. For blir det kjent vil naboane prøve å gå over meg, og det går ikkje an, smiler han.

Sjå Kjell Arild Skjørsæther sine eigne bilde i bildegalleriet til høgre.

Ingen konkurranse

Ranvik i Nesset

JULELYSBYGDA: i Ranvik i Nesset er fleire av husa pynta med store mengder lys til jul.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Fleire av husa i Ranvik har også mykje pynt fram mot jul, og trass i at Skjørsæther seier det ikkje er noko konkurranse mellom dei, seier han at dei ser litt ekstra på kvarandre fram mot tenning.

- Me var eit av siste husa som starta med dette, sidan me ikkje har budd her så mange år. Men det har vore ein tradisjon her i bygda å pynte til jul med lys, seier han.

Artikkelen held fram under videoen.

Video 1f3c37e8-9aba-4282-9a9f-ca8e8af816a1.jpg

JULEPYNTAR: Dei likar å pynte huset til jul, Kjell Arild og Heidi Skjørsæther.

For nokre år sidan måtte han legge inn ein ekstra kurs i huset for å få nok straum til å drive alle lysa. Og det kan trengs, for når huset er ferdig pynta er det mykje som er på plass.

Julelys

HEILÅRS: Julelysa til Kjell Arild Skjørsæther heng oppe heile året, fortel huseigaren.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Då er det istappar rundt raftene, og ein nisse ved murpipa. Så har me ramma inn hjørna på huset med lysslangar, og ramma inn vindauga med grøne lys. I tillegg har me trollkjerringar med nissehue, og nissar som står og tek i mot folk på trappa. På plenen har me også litt nissar som er parkert, og ein som er på veg ut i verdsrommet for å hente meir gaver.

Høyr andre episode av adventskalenderen her:

Inspirert av film og Bærum

Inspirasjonen kom då Skjørsæther og kona besøkte eit julepynta hus i Bærum for nokre år sidan. I kombinasjon med julefilmar har det ført til at han no utvidar lysoppsettet litt for kvart år.

- Eg ser i alt som er av katalogar og nettsider, for å finne noko som passar oss, fortel han.

- Det må vere noko som ikkje alle andre har, og det må vere litt stort. Ein liten nisse ned i ein snøhaug gjer seg ikkje. Det må vere så stort at me ser det.

- Ja, me snakkar meter, ler han.

Men at det er amerikanske tendensar som pregar Ranvika i Nesset vil han ikkje vere med på.

- Det er vel ikkje det. Det er Ranvikske tendensar, spesielt for denne bygda her, meiner han.