Hopp til innhold

- Veit for lite om kjønslemlesting

Mange av kvinnene som bur på asylmottaket i Volda har vore utsett for kjønnslemlesting. Dette har ført til nye utfordringar for helsepersonellet i kommunen

Sjukehuset i Volda

Sjukehuset i Volda er med og arrangerer kurset som skal gje helsepersonell meir kunnskap om kjønslemlesting.

Foto: NRK

No har helsetenesta i Volda og Volda sjukehus fått i gang eit fagleg kurs om temaet.

Asylmottak

Asylmottaket i Volda gir nye utfordringar for helsepersonell i Volda. Mottaket blei etablert for snart eitt år sidan.

- Like før nyttår fekk vi asylmottak i Volda. Brått sto vi overfor kvinner som var gravide og kom frå land i Afrika der det har vore praktisert omskjering, fortel Anne Årsnes, kommunejordmor og leiar ved helsestasjonen i Volda.

Ulovleg

Omskjering av kvinner er ulovleg i Noreg. Her blir det sett på som ei grov krenking av den fysiske og psykiske integriteten til jenter og kvinner. Kjønslemlesting er eit brot på menneskerettane. Slik blir det ikkje vurdert alle stader. Etter at asylmottaket opna i Volda har Årsnes vore bort i fleire tilfelle der kvinner har vore omskorne.

- Vi har hatt somaliske kvinner som har kome hit og som har vore omskorne. Difor er vi litt usikre på kva rutinar vi skal ha. Og dette skal vi betre på.

Barn omskåret med saks

Imam med bok mot kjønnslemlestelse

For lite kunnskap

I samarbeid med Volda sjukehus har ho fått i gang eit fagleg kurs om temaet for Helse Sunnmøre og dei ulike kommunane i området. Ho meiner dei har for lite kunnskap om emnet frå før.

- Vi har hatt relativt få kvinner som har vore omskorne. I og med at vi ikkje har møtt desse kvinnene tidlegare har det ikkje vore noko så aktuelt tema for oss som det har blitt no, seier Årsnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL