Hopp til innhold

- Våre neste landslagsmålvakter ?

Sten Grytebust og Ørjan Nyland

Sten Grytebust t.v og Ørjan Nyland.

Foto: Arne Flatin / NRK

Frank Mathiesen

Frank Mathiesen, keepertrenar i AaFK.

Foto: Arne Flatin / NRK
Ronny Osnes

Ronny Osnes, keepertrenar i Hødd.

Foto: Arne Flatin / NRK
Sten Grytebust

Sten Grytebust har hatt ein god sesong i AaFK.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ørjan Håskjold Nyland (21) frå Hødd og Sten M. Grytebust (22) frå Aalesunds FK satsar begge på å verte vår neste A-landslagskeeper.


Dei kjem frå små stader som så mange toppspelarar før dei har gjort. Sten Grytebust frå Ellingsøya og Ørjan Nyland frå Volda. Spørsmålet er om akkurat desse to kan verte A-landslagsmålvakter i framtida. Fotballforbundet har i alle fall trua på dei. Dei er nemleg to av seks unge målvakter i alderen 19-22 år som er plukka ut til eit nytt prosjekt i regi av NFF.

Keepertenar på A-landslaget, Frode Grodås, har hovudansvaret for prosjektet der målet er at ein i løpet av ein treårsperioden skal ha to nye landslagsmålvakter på plass.

Desse målvaktene er med på prosjektet: Lars Cramer (Strømsgodset), Sten Grytebust (Aalesund), André Hansen (Odd Grenland), Eirik H. Johansen (Manchester City), Ørjan H. Nyland (Hødd) og Arild Østbø (Viking).

Viking- og landslagskeeper Rune Almenning Jarstein er også med som rettleiar.

Video To med en landslagskeeper i magen

To med en landslagskeeper i magen

Store ambisjonar

NRK samla Grytebust og Nyland til eit uhøgtidleg treff i Sunnmørshallen denne veka. Dei to unge målvaktene fekk helst på kvarandre og lufta ambisjonane. Begge er krystallklare på at når dei har kome med i eit sliktprosjekt, så er målet å verte ein av dei to landslagsmålvaktene som Grodås vil ha på plass i 2014.

- Eg har ambisjonar om å spele i Eliteserien og kome meg ut i europeisk fotball, seier Nyland. - Det er det same for meg, seier Grytebust. Begge vil opp og fram som målvakter.

Både Toppfotballsenteret og Olympiatoppen bidreg til keeperprosjektet. Og våre to lokale målvakter trur dei i denne gruppa kan pushe kvarandre til å verte betre.

- Det er ikkje i dette prosjektet ein utviklar seg mest som keeper, det er i kvardagen i klubben, men det at vi er seks unge målvakter som møtest med jamne mellomrom, gjer at vi kan lære av kvarandre, trur begge dei to ungdomane.

Gjennombrot

Både Nyland og Grytebust fekk sine gjennombrot denne sesongen. Sten Michael Grytebust tok over arven etter Anders Lindegaard som spelar i Manchester United. Nyland spelte ein god sesong for det nyopprykka overraskingslaget i 1.divisjon, Hødd. Han fekk mellom anna spelt kamp på U-21 landslaget i år.

Keeperane har tett oppfølging i sine klubbar med eigne trenarar, og dei er svært positive til prosjektet. Frank Mathiesen som er keepertrenar i AaFK synest dette ser spennande ut. Han understrekar likevel at det er kvar helg på klubblaget at utviklinga skjer.

Ronny Osnes som er keepertrenar i Hødd synest også dette prosjektet ser svært spennande ut. Den første samlinga er første veka i januar, og forventningane til dei involverte er store.

Så får tida vise korleis dei to kjem til å utvikle seg i løpet av 2-3 neste sesongane.