Hopp til innhold

- Vaksne må bry seg

Ungdom ber vaksne om å bry seg meir om mobbinga på internett.

Elevar Skarbøvik ungdomsskole

Kong Man Lau, Angelika Louise Hegerland Kejzar og Anders Wiig ved Skarbøvik ungdomsskole vil gjerne at vaksne engasjerer seg i det som skjer på internett.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Mange vaksne har ikkje skjønt alvoret i mobbinga som går føre seg i fleire nettsamfunn, meiner ungdommane.

Blåaugde

- Mange vaksne trur at mykje av det som går føre seg berre er uskuldig moro. Men det er det ikkje, seier Kong Man Lau. Han er elev ved Skarbøvik ungdomsskule. I nettsamfunn kan du oppleve rasisme, seksuell trakassering, mobbing av korleis du ser ut og kva stil du har, seier han.

Kong Man Lau

Kong Man Lau. Elev ved Skarbøvik ungdomsskole.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Vaksne fråverande

- Den dag i dag finn du masse vaksne som ikkje har peiling på kva som går føre seg på internett, seier medelev Angelika Louise Hegerland Kejzar. Det er veldig få av dei som veit kva ungommane gjer på internett. Det er ikkje så mange av dei som veit korleis dei loggar seg inn på Facebook eingong, seier ho. Det ville sikkert ha blitt mindre mobberisiko dersom det også var vaksne innom nettsamfunnet, legg ho til.

Angelika Louise Hegerland Kejzar

Angelika Louise Hegerland Kejzar. Elev ved Skarbøvik ungdomsskole.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Feigt

Ho kritiserer kraftig medelevar som brukar internett til å mobbe andre. - Det er ekstremt feigt å gøyme seg bak ein PC-skjerm og skrive slibrige kommentarar om ein annan person. På PC-en tør mange å skrive det dei ikkje tør seie ansikt til ansikt, seier ho. I går kom det fram at politiet meiner nettmobbing kan føre til sjølvmord.

Respekt

- Mange barn og unge tør kanskje skrive meir når dei trur at vaksne ikkje les dette. Dei ville sikkert ha vist meir respekt dersom vaksne var meir med i nettsamfunna, seier medelev ved Skarbøvik ungdomsskole Anders Wiig.

Anders Wiig

Anders Wiig. Elev ved Skarbøvik ungdomsskole.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Netteigarane har ansvar

Angelika Louise Hegerland Kejzar meiner at eigarane av dei forskjellige nettstadene har eit ansvar. Ho har også eit konkret forslag til korleis eigarane kunne gjere nettstadene meir trygge. - Dei bør ha skikkelege varselsknappar på sidene. Dersom du opplever mobbing kan du då med ein gong trykke på knappen, og eit skjermbilde av det som skjer på PC-en blir sendt til dei som driv nettstaden. Slik kan eigarane få sjå kva som går føre seg der og då, seier ho.