Hopp til innhold

- Usakleg og historielaust

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) reagerer skarpt på kritikken som kollegaen hans i Sør-Trøndelag, Tore O. Sandvik (Ap), har retta mot økonomistyringa i Helse Møre og Romsdal.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen (t.v.) meiner kritikken mot økonomistyringa i Helse Møre og Romsdal er historielaus.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkesordførar Jon Aasen karakteriserer kritikken til Sandvik som urettferdig og historielaus.

I dag sende han ut ei pressemelding med eit skarpt tilsvar på kritikken frå kollegaen i nord. Her skriv han at det er både feil og spekulativt å hevde at Helse Møre og Romsdal HF ikkje har vilje til å halde sitt budsjett. Før innføringa av nytt finansieringssystem i 2012 var helseføretaka i Møre og Romsdal dei to mest effektive i Helse Midt-Norge.

– Det verste er at det skapar dårleg stemning. Vi er nøydde til å samarbeide innafor Helse Midt-Norge, og når vi får slike tilbakemeldingar så øydelegg det veldig for samarbeidet, seier Aasen til NRK.

– Alvorleg for Møre og Romsdal

Tore O. Sandvik

Fylkesordførar i Sør-Trøndelag, Tore O. Sandvik.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Eg håper at dei gjer noko med det – inklusive han som gjorde at eg måtte gjere dette – og skjønnar kor alvorleg dette er for Møre og Romsdal, seier fylkesordføraren.

– Men kva er det som er historielaust i kritikken ifrå Sandvik?

– I langt over ti år har vi levt under dei oppbygging av St. Olavs Hospital i Trondheim. Vi har måtte setje alle investeringane våre på vent. Vi har vore uroa, men akseptert det. No som går helseregionen vidare og skal investere i Helse Møre og Romsdal, så er det plutseleg vi som er utan økonomistyring og budsjett. Naturlegvis er vi ikkje det!

Aasen meiner Sandvik derfor burde ha forstått det no er på tide at Møre og Romsdal no får ein større bit av budsjettet.

– Det er kvar si gong å få lov å investere. Det kan ikkje vere slik at alle går med på investeringane i Trøndelag, men når det gjeld investeringar i Møre og Romsdal så er det plutseleg ei umoglegheit. Dette kan vi ikkje finne oss i.

Vil ta det opp med styret

Det neste steget for Aasen vil vere å ta opp saka med styret i Helse Midt-Norge.

– Då saka var oppe til styret sist, så var det ei rein postnummervotering, hevdar han.

– Delar av styret sa at ein må sjå på investeringar i delar av helseregionen – altså Helse Møre og Romsdal, for vi kan jo dokumentere at vi er underfinansierte i forhold til kva vi burde vere, legg han til.

Ifølgje Aasen valde styret å la administrasjonen sjå på saka, i staden for å la uavhengige gjere ei ekstern vurdering.

– Er det fordi ein vil skjule noko, fordi ein veit at det er eit misforhold i finansieringa? spør Aasen retorisk.