Hopp til innhold

- Uheldig signal

Formannskapet i Ulstein seier nei til å utvide asylmottaket frå 150 til 170 personar. - Uheldig, seier Olav Sæter (KrF).

Olav Sæter
Foto: privat

Vedtaket er eit uheldig signal, seier Olav Sæter i Kristeleg Folkeparti. I lag med Ivar Mork (Ap) gjekk han inn for ei mildare formulering, der kommunen tek utvidinga til vitande.

Det var også dette rådmannen hadde innstilt på til det ekstraordinære formannskapsmøtet, der formannskapet vart bedt om å kome med si meining til eit forslag frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Vil ha tak på asylanter

Hannelore Måseide

Hannelore Måseide seier det er viktig å sette eit tak.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Men ordføarar Hannelore Måseide, meiner det er viktig å sette eit tak og at kommunen ikkje er i stand til å ta i mot fleire asylsøkarar enn 150.

- Vi skal gjennom store innsparingar til hausten. I tillegg har vi ei stor gruppe med leigearbeidarar og dagpendlarar som også nyttar det kommunale tenestetilbodet, seier Måseide.

Det har vore asylmottak i Ulsteinvik sidan 2000. I starten var det 120 plassar og i fjor haust vart dette auka til 150 plassar. I tillegg til dei som bur på asylmottaket er det om lag 1.600 leigearbeidarar i kommunen.

Asylmottaket i Ulstein
Foto: Aina Rødal / NRK