NRK Meny
Normal

- Trist om me mister Aarøy

- Men klubben vil ikkje stå i vegen for ein overgang, seier Henrik Hoff.

Tor Hogne Aarøy

KLUBBEN VIL IKKJE STÅ I VEGEN: Dersom Tor Hogne Aarøy ønsker å avslutte karrieren i Japan.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Henrik Hoff

- SPORTSLEG SETT SYND: Men klubbdirektør Henrik Hoff vil ikkje stå i vegen om Aarøy vil til Japan.

Foto: Aina Rødal / NRK

- Han er i slutten av karrieren, så om han vil avslutte der, vil ikkje klubben hindre det, seier klubbdirektør Henrik Hoff.

  • Kva syns du om at Aarøy kan gå til ein japansk klubb? Diskuter nederst i artikkelen.

Han seier til NRK at det er kome inn eit bod på den to meter høge spissen, men han vil ikkje seie noko om summen på bodet.

- Sportsleg er det sjølvsagt veldig synd for AaFK om me mister han, fortel Hoff.

Han håper no på ei rask avklaring i saka, og håper ei eventuell kontrakt kan vere på plass like over helga.